12 Aino-Anette Søreng
Kyrkjegardar
Det er noko med kyrkjegardar;
en oase av fred og ro.
Du kan kjenne på saknet
ette dei som ligg her;
nokon kjend og kjær
eller kanskje einkvan du aldri
fekk møta i livet,
men som likevel rører deg
på en måte du ikkje treng
finna ord for.
Her er staden
for å minnast,
for ettertanke,
og her finns ei stille
for både øyre og sjel.
Her stressar ingen,
her masar ingen,
her spring ingen,
her ropar ingen,
her hastar ingenting.
~Malin Bergås Hatten~