DEN DRAUMEN Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje - at tidi skal opna seg, at hjarta skal opna seg, at berget skal opna seg, at kjedor skal springa - at draumen skal opna seg, at me ein morgonstund skal glida inn på en våg me ikkje har visst um. - Olav H. Hauge -